06.06.11

Ein skigard kan'kje vara evig veit du

Steingard og fugl by Alf Knutsen Vik


Men det kan steingarden. Meste. Har akkurat kome heim, benka meg tidlegare på trappa med ei passe dårleg bok, opphavet produserte ein gin tonic, og så gjekk sola ned. Over steingarden. Som er venleg og sterk og umogleg. Det ligg mange hender bak ein steingard, og det er dei hendene eg har i ryggen no. Eg veit aldri om eg kjem til å flytta frå Jæren. Same kor eg bur, så veit eg ikkje om eg nokon gong kjem til å ha flytta heilt skikkeleg vekk. 

3 sa noko:

  1. Å, eg kjenne meg igjen. I dag når eg gjekk til universitetet tenkte eg på kor mye eg glede meg til å reise hjem. Hjem er ennå Jæren, sjøl om eg ikkje har bodd der på 5 (!) år.

    Eg like at du har en egen etikett for Jæren.

    SvarSlett
  2. neiet var forresten myntet på overskriften!

    SvarSlett