no er det ikkje slik at eg er den einaste i verda som har eksamen. ein kan sei at a) dette er meir interessant sidan det handlar om MEG, og b)kanskje dette gjer lesarane (lol) mine (lol) ei gjenkjenningsfaktor, slik at dei kan relatere seg til meg og mitt elles awesome liv.
Observer, med klokka: mobil, studentkort, powerpointslides, mcquail (dritt), lakrissnøre, fargeblyantar, farris bris, farris, data, peanøtter, gamal kopp med kakao, taffel (rema-farris), innføring i nynorsk for høgare utdanning (mest til pynt), operamints, gojibærsmudi, mediesosiologibibelen, notatar. penn som er tom for blekk.
Ute av syne: nøklar, busskort, bankkort, lause teposar, markeringstusj, teip, koppen min. er ganske sikker på at det er god grobunn i den no.
har no, i god stil, gått frå handlingslamma panikk til kreativt (sukkerbasert) kaos. passer godt, då eksamen er i morgon. går det, så går det! men første juni kan ikkje kome fort nok!
(veit ikkje kvifor blogspot gjer om alle bileta til dritcrappy kvalitet. men det er vel ei god spegling av livet mitt akkurat no, det og.)
ps, nokon vil kanskje innvende at eit sant geni klarar å manipulere skuleprintaren til å printe fleire slides på eit ark (han seier nemleg til meg at han skal gjere det! men så gjer han det ikkje!). men det ser eg vekk i frå.
SvarSlettEn rotete pult (eller rom) er et tegn på en aktiv hjerne ;) Lykke til med eksamener. Jeg har ennå 3 uker igjen til sommer"ferie".
SvarSlett